Eit av regjeringa sine hovudmål er å bevara og vidareutvikla velferdssamfunnet. Me må sørgja for at me også i framtida kan sikra eit godt velferdstilbod til alle, i alle fasane av livet. Vår felles arbeidsinnsats er det viktigaste grunnlaget for den norske velferdsstaten. Me må skapa for å kunna dela.
Regjeringa vil ha særleg fokus på følgjande tema i tida framover:
- Korleis kan me hindra utstøyting frå arbeidslivet? Under dette temaet ønskjer me ein debatt om koleis me kan redusera sjukefråværet.
- Korleis kan me auka tilgangen til kvalifisert arbeidskraft? Under dette temaet ønskjer me ein debatt om korleis me kan unngå at ungdom avsluttar skulegangen før dei har fullført vidaregåande opplæring.
- Korleis kan me utvikla eit framtidsretta næringsliv i alle delar av landet? Me ønskjer ein debatt om dette temaet.

Statsminister Jens Stoltenberg leser blogginnlegg på samarbeidforarbeid.no. Foto:SMK
Me har eit ansvar for å føra ein politikk som sikrar at det også i framtida er rom for å ha eit godt velferdstilbod. Dette kan i første rekkje sikrast ved å utnytta arbeidskrafta best mogleg. Verdien av arbeidskrafta vår er ti gongar så stor som oljeformuen. Samtidig må me passa på at me har eit nivå på offentlege utgifter som kan oppretthaldast i åra framover, i ein situasjon med stadig fleire eldre med krav på pensjonsytingar og omsorgstenester. Me inviterer difor til debatt om det ansvaret me har for at velferdsmodellen vår skal fungera også i framtida.